fredag 11. mars 2011

Århus!

Ting tar tid ift updates på bloggen. No er det allerede ei veke sidan me returnerte frå Danmarksturen og Tanto har etterlyst blogginnlegg x fleire allerede. Blir lite tekst denne gongen, men rekner med at ingen protesterer for mykje på det :)

Tiiidlig torsdag morgon satt me nasa mot Flesland. Me var litt spente på korleis flyturen kom til å gå, vår lille er ikkje den som syns det er fryktelig morro å sitte i ro lenger enn 10 sekund...

Klar for avreise!

Første flyturen var ein pitteliten utfordring. Godt me hadde stelleveska full av bestikkelser!

Elektrisk på flytur.

Frøkno var i storform. Sa hei og slengte slengkyss til alt og alle. Mor prøvde forgjeves å få ho til å sova litt, men det var bortkasta tid. Hadde ho fått lov hadde ho sikkert tatt runden og bedt på te og kaffi. Ei framtidig flyvertinna detta.

Måtte gje opp til slutt og ta ein powernap. Busstur kan vera ganske søvndyssande...
Då var fanget til pappa godt å ha :
)


Tanto møtte oss i sentrum då me ankom med flybussen. Mari var i koma, men kan tru ho vart glad då ho våkna og såg kven som var sammen med ho i levande live og ikkje berre på Skype!
"Taaateeeee!!!"

Gjensynsgleden var stor!

Helga vart stort sett nytta til shopping og kos. Mykje trask og mykje kvile. Å bu på hotellrom med ein 1-åring er ein utfordring, særlig når me er vante til å sove på kvart vårt rom... For å ta den korte versjonen; etter et par misslykka forsøk på å tilbringa kvelden på ein do og i et badekar mens me venta på at nåken sku sovna, var me lagt alle tre klokko 9. Funka fett.

Shopping! Mari var sjølvsagt den som handla mest


Gøy med tanteshopping!

Ei langhelg går dessverre så altfor fort, og plutselig så var søndagen dar allerede. Trist å måtta reisa att, men no gler me oss desto meir til Siri kjem heim att! :)

Kjempefornøyd med ein super tur!

Ha ei god helg!!!

2 kommentarer:

  1. åå så kos*savn*Ho e so herlig!Takk for besøk,va SO kjekt, desto værre når de reiste, men hei-ikkje lenge att, kan truuu tanto gler seg!

    SvarSlett
  2. Det såg kjempekoselig ut! :-) Fine bilder av gulljentå! Me skviste reisesengå te Seb inn på badet når me va i Spania i fjor. Meget interessant når en måtte opp for å tissa om nattå :-)

    SvarSlett