Me har hatt ei perfekt helg. Fredag var pappaperm dag, så etter eg var ferdig på jobb suste me avgårde til Bergen by. Første stopp på programmet var Lagunen og date på Egon med herlige Sebastian og mammo + pappen hans. Såååå kjekt å sjå dei att!! Mari liker litt eldre karer, er så mykje futt i dei, så Sebastian er ein favoritt. Knallgøy å springa ette han! Etter middagen gjorde me litt småhandel før me reiste på "hytto" byn. Veldig greit å ha ein leilighet til fri disponering så me slapp stressa heimover. Mari var heilt utkjørt etter playdaten og sovna ganske kjapt. Det gjorde forresten mor og, så det vart ein heller kjedelig kveld for far.
Lørdag sov me lenge, pakka oss ut og reiste til sentrum og småshoppa litt før turen gjekk videre til Åsane og ny playdate. Denne gongen var det Theo som Mari fekk springa etter, me måtte på besøk for å inspisera nya huset hans. Kan tru han hadde fått det fint! Og veldig god plass hadde han og... så god at han hadde plass til ei rutsjebane i stova. HURRA!!
Hadde snuppemoren vore stor nok hadde ho garantert prøvd å grina seg til ei sånn. Heldigvis slepp me den kampen, i allefall enn så lenge...
Dagen i dag har vore lat søndag. Me sov til halv elleve alle tre og har gjort lite etter det. Kun vore i koselig bursdagsbesøk til Bestefar på Stanghelle.
Kusinemor Kristina var også på plass, vel heime frå sin første Sydentur. Ho har blitt så flink til å krabba, så no er det full fart på begge to. Kusinemoren øver på å gå, men liker best å holde i ei hand enn så lenge, helst to. Mari tok oppgava som storekusina seriøst og leia rundt på Kristina sammen med Bestefar :)
Hurrahurra! so koselig, endelig! Eg har venta i spenning no! Finaste jento mi, gleda meg til de kjem på besøk!
SvarSlettDet va KJEMPESTAS å se dåkke igjen og! Sebastian har sotte lenge og vel og sett på filmen eg tok av dei når dei sprang rundt og rundt og rulla på teppet. Han begynte til og med å le! Tror det e ei gjensidig fascinering.
SvarSlettHåpe me sees snart igjen, dåkke e velkomne her når som helst. Stor klem!