mandag 20. september 2010

Bursdagspresang på forskudd

På fredagen var me i bursdag til Bestemor på Stanghelle. Mari viste alle sine siste kunster, blant anna kor flink ho er blitt til å gå. Det vart raskt avgjort at bursdagspresangen Bestane allerede hadde kjøpt til 1 års-dagen måtte gjeast på forskudd, det er jo no Lillemor har størst nytte av presangen!
Som vanlig var sjølvsagt papir og innpakning kjekkast. Men etter kvart som ho fekk utforska innholdet i den store kassen, var det ingen tvil om at presangen var kjekk!


Ei flott raud Brio-vogn!

Frøkno fann raskt ut at vogna kunne brukast til å putta ting oppi. Så no har dei fleste leikane, dokka og kosedyra fått seg ein trilletur på stovegolvet. Etter litt prøving og feiling, fann me teknikken og turte å ta ein trill heilt åleina. Stor suksess!


På trilletur- heilt åleine!


Ha ein fartsfull mandagskveld!

2 kommentarer:

  1. Åååå so FLINK!:)

    SvarSlett
  2. sjå på tøffo du!!! så flink ho er :-))) ho er ikkje tapt bak ei vogn.. haha.

    SvarSlett