tirsdag 23. mars 2010

Sophie la girafe

I går kom mormor og morfar heim frå weekendtur til Zurich med ei ny venninne til Mari i bagasjen! Ho heiter Sophie, er fransk og er 18 cm lang. Ho pip når du trykker ho på magen og er mjuk og god å ta på. Og ikkje minst; ho kan hjelpa til med å lindra såre gummer! Dei lange beina hennas gjer at dei når langt inn i munnen, blir bra når hjørnetenner og jeksler ein gong dukker opp.


Sophie vart umiddelbart ein suksess i heimen og kan anbefalast varmt til alle andre med små og såre gummer. Ein treng ikkje reise til det store utland for å få tak i den. Om ein bur ein plass dei har Babyshop (feks Oslo) eller Babykos (Haugesund), finn ein ho der. Ein fin presang om ein treng til ein liten baby :) Om ein vil kikka litt nærmare på Sophie kan ein gå inn på www.lykkeland.no


Mari koser seg med Sophie :)

Har vore dårlig med blogging i da sista, mest pga lite fantasti om bloggtema og litt travle dagar. Erlend har vore masse vekke så langt i mars, og det merkast sjølvsagt på fritida til mammen. Men no er han endelig heime og skal vere her ei stund! Jipppiiii! Og neste veke er det påskeferie... me smiler bredt :D

Ha ein fin kveld!

1 kommentar:

  1. Sebastian har begynt å få gjeksler... men eg ser for meg at stakkars Sophie hadde flydd veggimellom hvis hu hadde komt innenfor dessa 4 veggene... tror eg ska skåna na og la na bli i trygg forvaring hos babykos :-) Men det va ein veldig god gaveidè!

    SvarSlett