fredag 26. mars 2010

Feber

Me har gått og venta på å få besøk av feberen i desse dagar. Planen var at den skulle komma litt kontrollert i form av reaksjon etter vaksine, men den kom litt før den var invitert. Både 5-mnds kontroll og vaksine måtte dermed utsettast. Kanskje han kom for å straffa oss litt... onsdag ettermiddag snakka me nemlig om at me var heldige som hadde ei så frisk Mari, som "bank-i-bordet" ikkje hadde vore sjuk i sine 5 fysste levemnd... jadda... samme kveld viste termometeret 38,4 og har etter dette berre fortsatt visa meir og meir.

Ei febersjuk Marimor koser med bamsen i vogga si

Det er ein ny opplevelse å vera mamma til Mari når ho ikkje er frisk. Ein skulle trudd at sjukepleiarbakgrunnen var ein fordel her i forhold til vurderingar av "pasienten", men DA e da ikkje... sjukepleiaren ligg visst att på Daletunet, her e da kun mamma-Katrine som regjerer. Og mamma-Katrine blir bekymra når ikkje poden har det bra. Du føle deg så makteslaus dar du står med kun ein liten Paracet og ein god porsjon mammakos å tilby den lille sjuke. Ikkje det, det er gode ting begge delar, men ein vil jo helst gjera poden frisk att MED EIN GONG! I tillegg er det lett for at det snik seg inn litt "tenk-visst-tankar"... tenk visst eg overser nåke?? Og ikkje minst "burde eg-tankar". Og som den ansvarlige mammen ein e, tar ein jo sjølsagt sånne tanka til etteretning og er førevar og framsynt (syns ein i allefall sjøl) og oppsøker dei som kan hjelpa den lille.

Det har me no lært at me ikkje skal gjera. Dagens lærdom i mammaverden e: stol på egne vurderingar og ha litt meir is i magen. Ellers blir både du og ungen møtt på ein måte som gjer at du helst vil grava deg ned. Eg e frå før av lite glad i danske vikarlegar...(erfaring frå jobben) og dagens lege gjorde ikkje nett mitt syn meir positivt. Kunne lært han litt om korleis ein møter og behandler ei bekymra mamma og ein febersjuk baby.. BLÆÆÆÆ...Eg blir så provosert! Sjølv om ein som lege meiner at det berre er ein bagatell, betyr ikkje det at den som sitt på andre sida av bordet opplever det på samme måten. Eg var egentlig klokare før me gjekk inn.. Det er fint å skylda på et virus når ein ikkje finn nåke ant etter å ha undersøkt i nøyaktig 2 minutt.. om han hadde møtt oss litt anerledes hadde eg både akseptert og vore fornøyd med det svaret. No føler eg meg kun som ein idiot, rett og slett.

No søv lillegull på sofaen, med sitt fysste plaster på fingen etter CRP-taking på legekontoret :)(DEt var ikkje nåke kjekt, lab-damo fekk høyra da for å sei da sånn!) Feberen er framleis høg, men me håper den begynner å sleppa taket snart. Me håpte i da lengsta at det var tenn på gong, men det er lite kvitt i sikte i den vesle munnen.. så i mangel av andre forklaringar, får me sei at det "berre" er ein liten virusinfeksjon...

1 kommentar:

  1. Så nydelige hu e Katrine!Sjøl me feber stakkars liten.. BLitt stor..:-) Straks 5 mnd jo! God bedring Mari!

    SvarSlett