Så då vart det ein tlf til helsestasjonen for å få råd. Snille kontordame Arnhild hørte sikkert at mammaen ho hadde på tråden var både bekymra og utslitt, så ho ordna oss ein legetime litt seinare på dagen. Etter å ha fått litt saltvatn i nasa, sovna Mari endelig tungt for fyrste gong på 2 døgn. Det var dermed ei trøtt, men symptomfri Mari me tok med til legen! (Litt typisk, egentlig) Alt såg bra ut hos legen, var nok den tette nasa som har plaga ho veldig. Utslettet i ansikt og på kroppen er varmeutslett og hormonutslett som i kveld er mykje bedre etter eg smurte litt A-creme på i dag tidlig.
No er me litt mindre bekymra for skatten og skal lettare klara å holda ut dersom det blir lite søvn i natt og!
Mariskatten er heldigvis i bedre form i kveld. Et godt, pludrer og smiler. No søv ho i vogga si for fyrste gong på mange dagar- godt tegn!

Et bilde av Mari frå tidligare soveseanse
Ellers har Mari hatt sin andre kiropraktortime denne veka. Han kunne kjenne at ho har ein del meir luft i magen enn vanlig og meinte at han skal kunne hjelpe med å bli kbitt dette slik at Mari søv om natta. Effekten var god samme natt som ho vart behandla, ellers har me ikkje merka så masse endå..

Mari blir behandla av kiropraktor Jason :)
Avslutter med nokre tips til dei kommande mødre på 3 "must have produkt" som er greie å ha i hus før babyane kjem:
- Termometer til febermåling (har et greit rektalt ett på apoteket som kun tar 10sek)
- Nasesugar (har på apoteket da og- nødvendig når morsmelken går i feil rør)
- Saltvannsspray (Me fekk anbefalt Miwana Naturell på apoteket,
har gått veldig fint å gje Mari den)
God helg alle sammen!
Stakkars litle Mariskatten, og stakkars mammen og pappen! Ikkje kjekt når de små e sjuke. Godt hu e bedre! Håpe og at dåkke snart får sova litt mer om nattå...
SvarSlett