fredag 11. desember 2009

6-vekers kontroll


No er Mari blitt heile 6 veker gammal, og onsdag var det tid for 6 vekers kontroll på helsestasjonen. Her var det veging og måling og legeundersøkelse som sto på programmet. Hovedpersonen sjølv var nett passe fornøyd med heila opplegget. Helsesøster var grei nok syns ho, for då me var inne hos ho fekk Mari lov til å sova på skuldra til mammo stort sett heile tida. Men doktormannen syns ho ikkje noko om, for han skulle berre plaga ho med et kaldt stetoskop og ein trepinne i halsen. Han fekk dermed grei beskjed om at detta ikkje var noko kjekt i det heile tatt og viste at ho har bra lungevolum... ALt var bra på kontrollen, lillemor veks og utvikler seg normalt! No er ho blitt 4200 gram og heile 55,5 cm! Ho er lang for alderen, så me lurer litt på kven ho ligner på der.. det må vera tanto, for verken eg eller Erlend er særlig lang i "drittfallet"... :)

Denne veka har me det travelt! Kiropraktor tirsdag, helsestasjon onsdag, bytur med julebord på bryggeloftet torsdag.. fredag hadde me fri, før me i går tok turen til Bergen att på litt førjulsbesøk. Me hadde ein kjempefin dag i byen;fyrst trilletur med Sigrunn, Ragnhild og vesle Oline og Magnus, deretter besøk hos "onkel Sebastian", før me avslutta med lunsj på Galleriet sammen med Anders, Alice og vesle Theo. Koselig! Innimellom dette fekk me og tid til å handla dei siste julapresangane og helsa på tante Siri. Effektivt!Me var totalt utslitt då me kom heim att.. Mari hadde sovna kl 05.30 den natta, og me måtte stå opp att kl 7 for å nå toget.. men det var verdt det!

I natt har me sove godt, kun avbrutt av matings et par gongar. No er poden ute på trilletur med mormor og morfar, mens me rydder huset. Om ein time kjem Guttorm og Yvonne på besøk, før det bærer av gårde til Stanghelle og oldis+bestisbesøk der. Me har travle, men kjekke dagar med andre ord.. :)

1 kommentar:

  1. Kjekt å værr småbarnsmamma ser eg :-) Bedårande Mari-mor!

    SvarSlett