tirsdag 22. mars 2011

Feber

Så var det påan igjen. Det var ei lita febersjuk snuppa som vart henta hos oldisane i ettermiddag. Lite mat og lite guff va oppsummeringen av dagen deira og det vart berre meir tydelig at snuppo ikkje va i form då mammen kom. Å sitta stille på et fang over lengre tid er nemlig ikkje kvardagskost her! Trur det er dei siste tennene som er på vei,. Sleving, blodig tannkjøtt og sutring har nemlig vore framtredande i heimen siste dagane. Det er ingen spøk å få hjørnetenner!

Formen steig betraktelig då me kom heim og lille frøken M oppdaga at pappen hadde skrudd sammen den flotte doningen som ho fekk til jul. No kan våren berre komma! :)

Tjohei så gøy!!

Middagen i går vart forresten ganske så vellykka... Med få og enkle ingrediensar, fekk me ein brukbar middag. Både pappsn og lille frøken gav uttrykk for at dei var fornøyd iallefall!


Torskefilet, tomatar, vårløk, fløte, kvitost og kvitløk
kan bli til.....


ei snadder fiskegryta med tomater, servert med ris!

Håper på ei stabil febernatt uten vonde tenner!

1 kommentar:

  1. Flinko!trur du har undervurdert deg sjøl sånn kjøkkenmessig!:) Du kan med fordel hiva deg ut i da!
    Håpa tøtto te tanto e bedre i dag!

    SvarSlett