søndag 2. januar 2011

Nyttårsfeiring

Godt nyttår til alle trufaste blogglesarar! Håper de alle har hatt ei trivelig jule- og nyttårsfeiring, og at de no er klare for å ta fatt på 2011.

Juledagane våre er de allerede oppdatert på, så då er det berre til å smelle til med ei oppdatering frå nyttårshelga til familien Hesjedal-Johannessen. Kortversjonen kan oppsummerast med tre ord: Snøstorm, is og kalkun. Alt saman i ENORME mengder! (Jaja, så tar eg hardt i, men me hadde iallefall rikelig av alt det nevnte) Men no driv me jo ikkje med kortversjonar på denne bloggen, så de får fint pussa brilleglasa. Snurr film!

Me har laga oss ein veldig fin familietradisjon med feiring av nytt år på hytta med både foreldre og svigers, enten hos mine foreldre eller Erlend sine. 2010 var intet unntak for vår del, så me pakka oss avgårde torsdag ettermiddag. Planen var at me til sammen skulle vere 8 store og 2 små som skulle feira saman. Det satt spinnglatte vegar og tette bihuler ein stoppar for og det heile endte med at me satt der med foreldrene til Erlend og 5,5 kg kalkun... Me gjekk ikkje svoltne frå bordet den kvelden nei! Koselig hadde me det, til tross for mannefall. Satser på oppmøtet tar seg opp att i år!

Været var skikkelig surt på dagtid, men det roa seg heldigvis litt i løpet av kvelden, i allefall nok til at det var mulig å lura nasa utforbi døra for å kikka litt.

Rudolf er rød på nesen

Det vart helst mykje innetid i helga, sur vind, regn og snøstorm satt sine begrensningar for uteaktivitetane. Men ein liiiiiiten tur på akebrettet rundt hytta, fekk me likevel til.

Snøøøøø i fjeeeeseeee!!

Vår vesle snuppe er veldig glad i å lesa bøker. Det er ingen overdrivelse å sei at hovedgesjekten på hytteturen (bortsett frå å spørra ette NÆM! sjølsagt) var lesing av dei fine nye dyrebøkene som låg under treet til jul.

Så både bestemor.....

og bestefar.........

Venstrejuster
...... måtte til pers opptil etthondra og ørten gonga iløpet av helga.

Tirsdag skal mor i huset tilbake i arbeidslivet for alvor... Hjeeeeelp! Kun 1 dag att av tidenes lengste juleferie! Me fekk aldri svar på søknaden om barnehageplass, så Mari vert heime eit halvår til. Med god hjelp frå ei oldemormor og besteforeldre, skal nok kabalen gå opp til slutt!
Det blir spennande å sjå korleis lillemor reagerer på at mammsn er litt mindre tilstede enn tidligare. Det er ganske dårlig timing for jobbstart i desse dagar, med 4 nye tenner, forkjølelse og nattevåk... Men stort sett er me i fin form, og omtrent så aktiv som på bildet under.....

Håper de alle får ein strålande start på det nye året!

1 kommentar:

  1. Så kjempekoselig innlegg!!! Me som hadde gleda oss til å feira nyttår med dykk... Det blei det lite av. Fekk ikkje smakt kalkunen heller... typisk at det måtte bli væromslag på sjølva nyttårsafto, slek at me sto fast på hålkeføre ;-(( men men, me får tru da blir fleire moglegheiter ;-))

    SvarSlett