mandag 20. desember 2010

Klatremus

I går vart det plutselig veldig stille i gongen. Mistenksomt stille...
Poden vår er aldri stille, med mindre ho gjer nåke ho ikkje har lov til. Med andre ord: ALARM!!
Ganske riktig. Ved inspeksjon av gangen møtte det oss dette synet...

Mor i huset hadde slurva med å lukka att trappegrinda, og vips der var vår lille rakett klatra opp på trinn nr 3 allerede. Ingen tvil om at ho var meget fornøyd med egen innsats, det å bli ferska var ingen hindring til å fortsette ferden opp trappo. Og for ein teknikk! Me er heilt imponerte, skulle trudd ho hadde tjuvøvd... (nåken barnevakta som vil innrømma nåke her eller??)

Då ho kom opp, kruna ho turen med å slenga ei pakka med julekule over grinda og ned trappene. Takk G for plastikkule frå IKEA.



Ha ei trivelig bittebittebittelitlejulafta!

2 kommentarer:

  1. Denne barnevaktn fråskriv seg iallefall alt ansvar for detta! Ho e ein kjappis:)

    SvarSlett
  2. Hehe.. Når dei fyrst begynner å skjønna kva kapasitet dei sitt inne med, så går det unna... Eg er vant til å kunne ta ein dusj medan småen ligg i ro på golvet og pludrar... men plutseleg i dag, så hadde ho rasert heila badet, til eg var ferdig å dusja... heilt i sjokk ;-)

    SvarSlett