mandag 30. august 2010

Opp og stå!

Brrr...det er allerede haust. Vurderte å henta fram dunposen til M i dag, men fant ut at det kanskje var litt vel tidlig. Så me enda opp med strikkesett frå mormor istedetfor. Fin var ho, men altfor tidlig å ta i bruk det og!

No er vesle Marimor blitt stor jente. Heile 10 mnd! Her er full fart frå morgon til kveld.
Vår nyaste aktivitet er å reisa oss opp etter bordkant, sofa, beina til mor og far, tv-benk, sprinklane i senga, trappesikrara, komfyr, skuffer, skap ooog dørkarmar. Pheeeew- me har det travelt med andre ord!



Frøkno er SÅ fornøyd med seg sjølv og sitt nye prosjekt! Ho stråler frå øyre til øyre når ho kjem seg opp i høgden. Det er også kjempekjekt å testa beina ytterligare ved å holda i hendene til mammo eller pappen og spasera bortover golvet- jo fortare jo bedre :)

Om berre ei lita veke skal mamsn tilbake i jobb og pappsn styra hus og heim. Det blir spennande! Var innom jobben i dag og sjekka føreforhold. Trur det kan bli fire travle og utfordrande veker og at dei små grå får brynt seg kraftig.. Nåken må bruka helga til å repetera sjukdomslære og prosedyrer...

Det verste med å overlate permisjonen til pappaen er å ikkje få sjå dette fantastisk nydelige smile-fjeset meir enn et par timer kvar dag.... Du e' heldig pappsn, e' kje de enige??!!?


2 kommentarer:

  1. Heilt enig!! for ein skøyar ho er ;-) makan til solstråle skal du leita lenge etter!!

    SvarSlett