tirsdag 27. juli 2010

Spontan hyttetur

I går fekk mammen et snev av impulsivitet kasta øve seg, nåke som resulterte i ein minihyttetur for stor og liten. På under ein time fekk den samma nevnta mammen laga middag + mata ein sulten pode, samt pakka sekk og bæremeis klar for avreise. Imponerande, eller??!? ;)
Så då bar det avgårde til fjells, der Mormor og Moffen venta med nydelig fiskegrillmat i godt sommarvær. Herlig! Eg og Mari vart til i dag, mens Erlend og tanto (som skulle henta ein bil) reiste ned att seinare på kvelden.
Lillemor storkosa seg i fjellet, til tross for to nye tenner som driv på og bryt seg fram i munnen.

Dagen begynte heller grått og litt kjølig, men etter ein tur til Grønnestadkom etter kvart sola fram og med den terassekos. Ingenting er som å sitta barbeint på terassen og spisa rundstykke heilt åleina og få grisa nett så masse som ein berre vil!


Blid som alltid!
Moffane følger nøye med på alle nye kunster me har lært oss.
Oppmerksomhet er så GØY!! :)


Lillemor er forresten 9 mnd i dag! Me feira dagen med å få tann nr 4, så no er me godt utstyrt med tyggeredskap. Det er ei heilt fantastisk utvikling me har vore vitne til dei siste 9 månadane. I oktober i fjor fekk me ein liten bylt som var fullstendig hjelpalaus og avhengig av oss. I dag har me ei veldig aktiv lita dama som kjem seg rundt der ho vil, forstår og prøver å gjera seg forstått med den herlige bablingen sin. Me har vore heldige og har fått ein skikkelig solstråle. E' ho ikkje fin?!? :) :) :)


Verdens vakraste Mari :)
Ha ein fin kveld!!

1 kommentar:

  1. Gjett om hu e verdens vakraste Mari!!!
    Gratulera me 9 mnd. Fine bilder fra hyttetur! :-)

    SvarSlett