søndag 25. april 2010

Sorg i heimen

Verdens finaste Ziko er død, 9 år gammal... Han har ikkje vore i toppform sista året, og i helga vart han berre dårligare og nekta blant anna å spisa. Me måtte til slutt innsjå at det var på tide å la han få sleppa og måtte senda ein morfar og ei tanta den tunge veien til dyrlegen med "bruttern". Ziko kom til oss ein tidlig vårdag i 2001. Familien Hesjis (minus meg) var på shopping i Åsane, då to av familiemedlemmane forelska seg håvestups i ein liten blå og kvit undulatunge. Me skulle egentlig ikkje ha undulat att, men ein titt på denne skapningen og dei var solgt. Då familiemedlem nr 3 var overtalt, var det ingen vei tilbake. Undulatungen hadde fått ein ny heim.
Han vart raskt tam, og me kunne få lov til å gjere det meste med han. Kyssing og kos, spising frå tennene og lett kløing på magen. Han likte å vera med på badet om morgonane då me pussa tenna og ellers sitta på skuldra og kosa. På slutten vart han ein skikkelig datafugl- likte å sitta på skjermen og skita... ;)

Då Pia kom til Dale, måte Ziko flytta ut. Han havna dermed hos oss og har budd her dei siste 2 åra. Sjølv om han var ganske redusert no på slutten, både i form for flyging og kvittring, er det blitt grådig stille i heimen no. Me er vant til å bli møtt med fuglekvitter og radiodur i det me går inn døra. No er det berre sørgelig stille. Så no er det sorg i heimen, rart kor glad ein kan bli i ein liten undulat... han var den finaste undulaten som finns sjølsagt.

Gravferda har forresten funne stad i stillhet.

3 kommentarer:

  1. å nei huff... stakkars ziko!:-(

    SvarSlett
  2. Kondolerer!Utrolig hvor gla man kan bli i dyr. Stor klem fra oss

    SvarSlett
  3. grusomst, kjente eg blei trist att..:/

    SvarSlett