For tante Ingrid og onkel Ketil som fekk verdens finaste Kristina 30 mars!
Mari har altså fått seg ei pittelita kusina, kan tru det er stas! Ei lita jente på under 3 kg og kun 46 cm. Navnet sitt har ho fått frå oldemor (farmor til Erlend)
Ein stolt onkel og ei stolt tanta var på KK og beskua den nyfødde i går.(Besøkstida var midt i leggetida til Mari, så ho måtte vera att med mormor og morfar)
Det var skikkelig rart å vera tilbake att på KK,kun på besøk. Me tilbragte jo ein del tid der siste vekene før Mari vart født. Å holda vetla dokka var som å holda på luft i forhold til kva me er vant til! Så bitteliten! Det er vanskelig å huska at Mari har vore (nesten) lika liten ein gong... Me gleda oss te å bli bedre kjent med vår vesle niese :)
Hipphipphipp hurra for meg og Erlend og forresten. I måro har me vå sammen i 10 år!! :) :) :) :) <3 <3 <3
For øyeblikket er me på påskeferie. Me sitt vèrfast i hytta til mormor og morfar. Planen var at me skulle forflytta oss opp i hytta til bestemor og bestefar i løpet av formiddagen, men det ser førebels dårleg ut. Me må venta på ei opplettbyga,her snør det nemlig tett.
Det blir dårlig med bilder i dette innlegget, får ta da att når me kjem heim att.
Ha ein fin påske alle sammen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar