tirsdag 23. februar 2010

Mari 4 mnd!

Tida går så fort, begynner å bli ei stund siden forrige innlegg. No søv (endelig) lillemor, så då har me tid til ein liten oppdatering.
Me er inne i bursdagsrushmnd februar, så då vert det lite tid til anna.. Ingen vits i å begynna på slankern før februar er omme her i gården, me forspis oss på kaker og andre godsaker heile mnd.. siste besøk i morgon, SÅ er det slutt for ei stund. Sjølv om eg er ein av bursdagsbarna i februar, syns eg det er ganske greit når mnd er omme.. ein kan bli ganske så lei bløtkake faktisk..

Fekk fin blomst til bursdagen min av snille mannen

I dag var det tid for ny kontroll av Mari på helsestasjonen.
Pappen var heldigvis ledig i dag, så han fekk vera med å måla og vega. Veldig kjekt, både for mammo og Mari! I dag var det kun kontroll, ingen vaksiner heldigvis. Dei nye gyldne måla er no 6490 gram og 62 cm. Framleis heilt perfekt på kurven! Det merkes at ho har blitt tyngre, er ikkje berreberre å bæra på ho altfor lenge i slengen lenger.

Ellers er lillegull veldig interessert i verden rundt seg, følger godt med og vil undersøka nye ting. Ho koser seg på golvet med babygymmen og ranglene sine, og når ho får selskap av tante Pia vert det endå kjekkare. Ho har jo så flott skjegg som lillemor kan dra i! :)Dei er allerede blitt gode venner. Pia er så snill og forsiktig, og passer veldig på "kvalpen". Om teppet har sklidd litt vekk frå beina til Mair, er Pia raskt ute med å dytte det på plass att. Flinke Piavoffsen :)

To gode venner :)



Kjekt på golvet med babygymmen!

Me har så vidt begynt å innføra grøt og frukt i kosten. Lillemor er til no helst litt skeptisk til det ho får i munnen, det er jo så rar konsistens- iallefall på grøten! Det meste havner enn så lenge alle andre plassar enn i munnen, men gøy er det likevel. Me smiler oss gjennom heile måltidet :)

Utenom å dulla og tulla, bruker me dagane til å gå tur og rydda hus..stort sett... snøen ser aldri ut til å ta slutt, og kulda like så. Me gleder oss til våren kjem, til me kan ta fram fine sommarkjolar og la dunposen få ein liten pause. Me er mildt sagt GODT fornøyd med Kong Vinter sitt opphald for denne gong.. han er som ein litt innpåsliten type som aldri tar hintet om at besøket e slutt..
På torsdag får me besøk av Tina som eg gjekk på sykepleien med. Det gleder me oss til, blir kjekt å treffa ho att- er altfor lenge siden sist!


Avslutter dagens innlegg med å sitera helsesøstera, syns ho sa det ganske greit.. "Mari er ei kjempeflott jente!" Det er me sjølvsagt heilt enige i :)


E da løye me e stolte av litla tullo vår?? :)

1 kommentar:

  1. hellannepåduuussen so glade me e i lillegull!<3

    SvarSlett