onsdag 3. februar 2010

Dåpsdagen!

Søndag 31.1 vart vesle Mari døypt i Dale kyrkje. Nydelig fint og kaldt vintervèr satt ei flott ramme rundt dagen, som vart feira med den næraste familien.

Pappen bar Marimor til dåpen, og tantena og storakusino var stolte fadrar.
Som einaste dåpsbarn denne dagen, oppførte Mari seg heilt eksemplarisk under den godt over ein time lange gudstenesta. Ikkje ein lyd laga ho, satt på fanget til pappen sin og kikka rundt seg med store auge. Heller ikkje då presten hellte vatn på ho, kom det ein einaste lyd. Ho berre studerte pappen sin nøye og virka litt forundra over kva desse galne foreldrena hadde dratt ho med på denne gongen...
Dåpsfølget var skjønt enige om at dei aldri hadde vore borti meir eksemplarisk dåpsbarn... flinka jento vår!



Dåpskjolen ho har på seg, laga Mormor til Mari då ho gjekk gravid med meg! Nydelig kjole- veldig stas å kle prinsesso i den samme kjolen som eg døypte meg i!

Me feira på Eikhaugen med lapskaus og litt for mange kaker... ;)
Borddekoratørar e meg og Erlend. Syns bordpynting e veldig gøy, kjekt å laga bordkort og pønska ut korleis bordet skal sjå ut!



Mari fekk kjempemasse fint til dåpen! Smykker og armbånd, barneservise med navn og Torbjørn Egners barneservise, Røros-teppe, eventyr-og sangbok, pengar på konto,fotoramme i tinn, høgdemålar i tinn og barnets første myntsett. Ho er ei heldig (og herlig!) lita dame!



Til slutt et lite bilde av ein stolt liten familie:)


Ønsker alle ein god dag!

1 kommentar:

  1. Veldig fint bord, og ekstra fint dåpsbarn!! :-) Heldig som har ei SÅ fin litå prinsessa å pynta!
    Kjekt det blei ein bra dag, og du va veldig fin i bunad ;-)

    SvarSlett