fredag 8. januar 2010

Brrr....

No er me på tredje veka (i allefall!) med iskaldt vintervèr. Kan ikkje nekte for at det er utrulig flott med snø og kaldt vèr, men no begynner eg å bli rimelig lei eremittlivet! I dag viser gradestokken -18,6! Det blir visst berre kaldare og kaldare for kvar dag som går, og sjangsen for trilletur vert berre mindre og mindre. Mari og eg vert litt isolert når det er så kaldt, for det er heilt uaktuelt å ta ho med ut når det er så kaldt. Ikkje ein gong ut i bilen, så om folk vil sjå oss lyt de nok komma til oss! Heldigvis har Mari ei grei Mormor og Morfar som siste dagane velvillig har vore barnevakt i ein liten time sånn at eg og Erlend har fått oss litt luft i form av ein liten luftetur. Forfriskande!

Ellers har me så smått begynt å putla litt med dåpsforberedelsar. Den store dagen er 31 januar (Sebben sin bursdag Hanne- bra dato! :)Har fått på plass fadrar og invitasjonar + sjølvsagt avtalt med prest så den e grei. Me tar ei rolig feiring, så stresser ikkje altfor masse med forberedelsar. Er litt spent på om dåpskjolen passer Mari og om eg kjem meg i bunaden.. me har visst begge spist godt i jula! :)


I ettermiddag reiser Erlend til Geilo for det halvårliga "BIS-treffet", så helga skal eg og Mari tilbringa åleina. Me har godt selskap i kvarandre, så det skal nok gå fint, men om nåken har lyst te å komma på besøk e de hjertelig velkomne! :)

3 kommentarer:

  1. De e gullige! Eg har lysst å komma, men da skjer neppe:/ kos deko mest, gje mari ein suss frå stolta-tanto!

    SvarSlett
  2. Hei og hopp! Endelig har eg fått oppdatert meg på bloggen. Lite sånt for tiå! Ska sei det va ein fin dåpsdag ja, det e sant :-) Så spennande! Det blir kos å feira Mari tenke eg! Hu vokse godt ser eg, og blir bare skjønnare og skjønnare! :-) Håpe fremdeles på et treff før me flytte... Måtte denna snøen forsvinna snart!

    SvarSlett