fredag 13. november 2009

Svinevaksine

Svinehysteriet har som kjent blussa opp att.. i følge avisena er no så mange som 1 av 6 nordmenn smitta, og det vert omtrent dagleg rapportert om folk som har strøke med av influensaen. Vaksinering pågår for fullt i kommunane og no har dei og åpna opp for at personar som oppheldt seg under samme tak som spedbarn skal prioriterast siden babyar under 6 mnd ikkje kan vaksinerast. Dette betyr at eg og Erlend måtte ta et valg. Vaksine eller ikkje vaksine?? Eg er veldig skeptisk til heile vaksina i og med at den er laga litt i hurten og styrten og ikkje er skikkelig utprøvd endå. Ein høyrer jo og så mykje rart om bivirkningar og at folk blir sjuke av å ha tatt den. Hadde det ikkje vore for Mari hadde eg nok mest sannsynlig ikkje tatt den. Men no har me ein liten å ta hensyn til, og eg veit at om eg hadde vore årsaken til at lillemor vart sjuk.. ja, då hadde eg ikkje tilgitt meg sjølv rett og slett. Så vaksina er satt og no satser me på at me ikkje vert smitta med nåke svineri før den begynner å virka om 1-2 veker. Bortsett frå litt ømhet/smerter i armen der vaksina vart satt har verken eg eller Erlend merka nåke til bivirkningar så langt.

Ellers har Marimor begynt å skrika litt meir enn tidligare, særlig på natta. Ho er lys våken frå 23-03, og siste nettene har ho testa ut stemmebåndet kraftig i dette tidsrommet. Det kan virke som om magen plager ho skikkelig, trekker opp beina og skrik hjerteskjerande. Eg gjekk og byssa på ho i 4 timar i natt, uten at ho roa seg. Ho liker seg tydeligvis best på brystet til pappen sin, for då Erlend fekk ho levert av ei sliten mamma, gjekk det nøyaktig ti minutt før prinsesso va sovna..i natt skal pappaen med andre ord få ta første økta! Me skal forøvrig til kiropraktor med ho den 24 november, får håpa at han kan hjelpa oss litt og få magen på plass!

No søv Mari i vogga si, og eg bør vel prøva å få et par minutt på puta og før ho våkner og skal ha mat.
Ha ein fin dag alle sammen!

1 kommentar:

  1. Hei Katrine!
    Kjedelig med magesmerter på den lille prinsessen, håper det gir seg etter hvert. Min far fortalte at jeg hadde kolikk de første tre månedene, og at det var skikkelig ille spesielt om natten. Håper selvsagt dere slipper det. Syns for øvrig det er veldig koselig å lese bloggen din, du skriver godt :-)
    Ha en fortsatt fin helg!
    Klem N

    SvarSlett