Ein kjapp liten update etter dagens strabaser- er egentlig litt for sleten i håve til å tenka nåke som helst, men skal no få knota ned nåken ord.
Dei siste dagane har eg hatt ein del smerter i høgre sida heilt oppe med ribbeina. Har hatt dette litt på og av i fleire veke, men siste dagane har det berre tatt seg meir og meir opp.. etter ei heller søvnlaus natt hadde eg bestemt meg for å ta kontakt med nåken dersom smertena ikkje va bedre i dag. Sio eg va på jobb i dag målte eg blodtrykket og testa om proteinane framleis va på avveie.. og det kan ein trygt sei at dei var.. Blodtrykket var veldig mykje høgare i dag enn før helga, og proteinane var framleis litt for mange.. fekk mammo te skaffa meg ein øh-time hos fastlegen og fekk beskjed om å stilla på legekontoret fortare enn svint.. dar vart da ny tisseprøve og blodprøvemåling, og i og med at dei fekk samme resultat som eg fekk sjøl, bar det rett til Haukeland for videre oppfølging..
Dar vart me satt på CTG-måling (registrering av hjertelyd og sparketest) med ein gong me kom. Denne såg heilt flott ut, lillemoren vår hadde da veldig bra- Begynte faktisk å hikka med ein gong me fekk på registreringen ;)
Etter dette vart det venting i 2-3 timar før me fekk komma inn og snakka med ein lege og ta UL. Alt såg veldig bra ut på UL og grunnen til magesmertene er at lillema ligg i seteleie.. det vil sei at ho ligg og stange med håve opp i ribbeina mine.. det var ikkje heilt planen det heller..så må tilbake på kontroll for å sjå om ho framleis ligg i seteleie om 2 veker. Ho vart estimert til å vera ca 2300 gram no, nåke som vil sei at ho ligg litt under gjennomsnittet og ikkje kjem til å bli så veldig mykje større enn 3000 gram. Gjer ikkje så mykje det, i allefall ikkje dersom ho har tenkt seg ut med rumpa først..
I forhold te svangerskapsforgiftningen såg alt veldig fredelig ut.. er helst kun det høge blodtrykket som er det som er mest alvorlig.. blodprøvane var heilt fine, og eg er i fin form, så vart sendt heim etter maaaaaaange timar i sjukehuskorridoren.. no er det ny kontroll hos fastlegen om 2 daga, så får me sjå ka framtiden bringer.. håper at alt stabiliserer seg og at vetlo har det bra i magen i nåken veke te.
Eg vert uansett sjukemeldt no fram til permisjonen.. vart ein bråslutt på jobbingsen for denne gongen..
Godt at alt va fint me litlajentå! Hold ut Katrine, snart har du na i armane ;-)
SvarSlettoffa for ein dag, må holda seg i magen litt til trur eg, sjøl om me gleda oss fryktelig til ho kjem:)
SvarSlett